tirsdag 3. januar 2012

Bokslepp i Bø!

Torsdag 5. januar kl. 18.00 blir det bokslepp i Bø, når pappa Olav Solberg gir ut den nye boka «Vil du meg lyde.. Balladsångare i Telemark på 1800-talet». Boka gir han ut sammen med avdøde Bengt R. Jonsson, som begynte på bokprosjektet for nesten 40 år siden! Sven Ohrvik og Veslemøy Solberg bidrar med et par viser, og det blir ellers enkel servering. Tid og sted: Høgskolen i Telemark, avd. Bø, rom 1-112 kl. 18.00. VELKOMMEN TIL ALLE INTERESSERTE! NRK laget en flott reportasje om prosjektet før jul: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/ostafjells/telemark/1.7924878
Olav Solberg og Veslemøy Solberg på besøk hos Mandts på Dalen. Foto: Anne Lognvik, NRK. ****** Les hva pappa skriver om boka: Da folkeminnesamlarane kom til Telemark på 1800-talet, vart dei slegne av den rike vise- og songtradisjonen. Dei gamle mellomaldervisene, slike som Draumkvedet, Villemann og Magnhild og Olav Liljekrans, var framleis i hevd i telemarksbygdene, sjølv om tradisjonen var på hell. Men det var så som så med interessa for songarane. Så var dei da også fattige husmannsfolk, for det meste. Og samlarane hadde dårleg tid og brydde seg sjeldan om å spørje songarane ut om livet deira og om tradisjonen dei bar fram. På denne bakgrunnen er Bengt R. Jonssons og Olav Solbergs ”Vil du meg lyde.” Balladsångare i Telemark på 1800-talet eit eineståande verk. Boka inneheld livsskildringar av om lag 450 balladesongarar frå Telemark på 1800-talet: storsongarar med eit omfattande og imponerande balladerepertoar, såvel som meir ordinære tradisjonsberarar. Dei levde i ei brytningstid der gammalt stod mot nytt; eksempelvis emigrerte Maren Olsdotter Ramskeid (f. 1817) til Amerika i 1852: Maren som song den beste forma av Draumkvedet, for Landstad. ”Boka er eit grunnlagsarbeid for repertoarstudiar av den norske balladen og av tradisjonsutviklinga på 1800-talet”, fortel professor Olav Solberg. Den set songarane i sentrum og dokumenterer kva rolle slektstradisjon og geografiske tilhøve spela. Vidare er boka eit viktig bidrag til kultur-, slekts- og lokalhistorie, og den er interessant og underhaldande, med mange klipp frå munnleg ”omkringstoff” frå tradisjonen. Boka er illustrert med kart, og ikkje minst med eldre og nye foto av stader, miljø og menneske. ”Vil du meg lyde”. Balladsångare i Telemark på 1800-talet vart gitt ut på NOVUS forlag i desember 2011. Det er ei bok på nærmare 700 sider, skriven dels på svensk og dels på norsk. I tillegg til å setje 1800-talssongarane i Telemark i sentrum, inneheld boka ei grundig innføring i balladen som sjanger og i balladehistorikken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar