tirsdag 22. juli 2014

Skål for livet! til Olsokdagane i Fyresdal!

Skål for livet! – Ei kritikarrost, humoristisk, meiningsfull og inspirerande forestilling!
Fredag 25. juli kl. 18.00 kjem Veslemøy Solberg og Sven Ohrvik til Fyresdal kurs og leirstad med forestillinga «Skål for livet!» 
Veslemøy Solberg og Sven Ohrvik har fått svært god omtale for sin visekunst og musikalitet, både for tekstane, musikken og framføringa. Dei har mange års TV- og sceneerfaring, har gitt ut ei lang rekkje CD’ar, og har ei brei tilhengjarskare blant publikum i alle aldrar. Om «Skål for livet!» seier kritikarane: «Veslemøy Solberg og Sven Ohrvik skriv tekstar og melodiar som rører ved menneske. «Skål for livet!» er ei humoristisk, raus og inspirerande forestilling, som samtidig seier noko viktig om oss sjølv og tida vi lever i.»
Etter konserten blir det lansering av Olav Solbergs nye biografi om John Lie: Ringar i vatn. Boka gir eit unikt bilete av ein spennande og mangesidig diktar.

Det blir også lansering av Jon og Veslemøys nye CD Røter. Den inneheld tekstar av John Lie, Halvor Lie, Haakon Lie, Johannes Skarprud, Torbjørg Solberg, Olav Solberg, Veslemøy Solberg og Jon Solberg. Melodiane er skrivne av Sven Ohrvik, Jon Solberg og Veslemøy Solberg. Elles er to av melodiane folketonar. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar