søndag 31. august 2014

Gratulerer med 100-årsdagen, farfar!

Han var åndsfrisk til det siste, farfar. Den 9 desember i fjor døydde han i sitt hundrede år – sliten i kroppen, men sterk i sjela. Berre nokre dagar i forvegen hadde eg og han ein svært fin samtale om viktige ting i livet, og det siste han sa til meg var at eg aldri måtte gje opp.

Eg gløymer han aldri. Så mykje som han har betydd! Eg legg ved minneordet eg skreiv i fjor, og takkar for skinande stunder gjennom alle år!

Farfar da han var omtrent nitti.


Jon Solberg til minne

«Nå er ein vegg ute», skreiv far min i eit dikt da farfar Jon Solberg gjekk bort den 9. desember 2013, i sitt hundrede år. Og slik er det. Farfar var tryggleiken til så mange, han var «Supermann», slik bror min seier det: åndsfrisk, snill og klok til det siste, og alltid til stades for oss som kom etter.

Farfar Jon blei fødd på Osterøy sør for Bergen den 31. august 1914. Far hans døydde tidleg, og mor hans sleit og strevde for at han og den eldre systera Maria skulle kunne få seg utdanning. Med lærelyst, mot og gode evner i bagasjen drog Jon til Lærarskulen på Stord i 1932, og markerte seg både i teoretiske fag, og som eit stort idrettstalent. I 1936 var han ferdig utdanna lærar, med glimrande karakterar.

Lagnaden ville det slik at Jon fekk tilbod om ei lærarstilling i Dalane-krinsen i Kviteseid, og dit reiste han i 1937. Der møtte han den fine bestemor mi, Torbjørg, som var dotter av forfattar og bonde Johannes Skarprud, og barnebarn av Fyresdals-diktaren John Lie. Torbjørg og Jon gifte seg i 1940, og fekk tre barn. Eldstesonen Olav blei fødd i Drangedal, der Jon arbeidde under krigen, og tvillingane Gunnhild og Audun kom til i Lårdal, der familien budde i over ti år.

Kona Torbjørg fekk tuberkulose tidleg på 40-talet, og i lange periodar medan ho låg på sanatorium for å bli frisk, var Jon åleine om ansvaret for dei tre ungane sine. Han sto på tidleg og seint, i nokre år hadde han jamvel arbeid som klokkar i tillegg til lærargjerninga. I 1956 flytte så familien på fem til Heddal, der Jon hadde fått stilling som lærar og skulestyrar på Yli. 

Farfar Jon Solberg var ein framifrå pedagog – rettferdig og ordentleg i alt han føretok seg – og han hadde ei eiga evne til å lære bort. I minnestunda den 20. desember blei mange minneord lesne opp, mellom anna ei helsing frå to tidlegare elevar. Dei får fram noko vesentleg: «Vil du bera fram ei helsing frå oss, med takk til ein lærar me aldri gløymer. – Ein som formidla kunnskap og omsorg på ein måte som har fylgt oss gjennom heile livet.» 

Farfar fekk ni barnebarn og fjorten oldebarn. Han hadde omsorg for alle. Eg lyser fred over farfars minne, og takkar for alt han var for oss med siste verset av min eigen tekst «Under himmelen»:

Eg står att under himmelen
og takkar for ljoset og kjærleiken,
for skinande stunder å leva i.
Eg gøymer deg her under bringa mi.


Veslemøy Solberg

4 kommentarer:

  1. Fint minneord. Trur dei gode eigenskapane har gått i arv.

    Merete

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for fine ord, Merete! :-)

      Nå ser vi fram til besøk på Averøy!

      Slett
  2. En reflektert mann i sitt hundrede år skal man lytte til med stor respekt og interesse, for så kloke mennesker får man neppe treffe særlig ofte. Det er tydelig at du har tatt til deg visdommen hans! Jeg antar at savnet fortsatt er stort? Jeg drister meg til å gratulere farfaren din med 100-årsdagen jeg også!

    Klem fra June
    Nostalgi & Skriverier

    SvarSlett
  3. Tusen takk for gratulasjon og hyggelig hilsen, June! Farfar var et flott menneske, som jeg var svært glad i. Jeg savner han veldig, men mest av alt er jeg takknemlig for at jeg hadde ham i livet mitt i nesten 50 år. :-)

    SvarSlett